Hva skjer i Stavanger: Konserter / Festivaler

Camilla Hole Trio Plateslippkonsert

Trioen har som utgangspunkt ein tanke om at folkemusikken høyrer til framtida - den skal førast vidare. Musikarane spelar folkemusikk, i hovudsak frå Sogn og Fjordane, men også ny musikk. Camilla, Fredrik og Knut har bakgrunn frå jazz og improvisasjonsmusikk, og spelar instrument ein ikkje nødvendigvis knyter til folkemusikk. Dei tar med seg instrumenta og dei musikalske preferansar sine når dei gjer tolkingar av dei vakre, tradisjonsrike låtane, som har blitt vidareført gjennom generasjonar. Ved hjelp av andre klangar, og bandet si oppfatning av essensen i musikken, tilfører dei låtane noko ekstra.

Camila Hole trio er, Camilla Hole - Saxofonist frå Breim, Fredrik Luhr Dietrichson - kontrabass, frå Haugesund og Knut Kvifte Nesheim - trommer/vibrafon frå Oslo.

By
Stavanger
Sted
Kunsthall Stavanger
Sluttdato
21. oktober 2018

Kommentarer

Bli den første til å kommentere dette innlegget!