Hva skjer i Stavanger: Annet

Maskinstrikking trinn 3 - 16. - 17. sept

For deg som har gått trinn 1 og 2 eller kan dei teknikkane me har jobba med i trinn 1 og 2. Kurset passar også for deg som er erfaren i maskinstrikking, men vil læra å konstruera eigne oppskrifter.

Til dette kurset må alle deltakarar ha med si eiga strikkemaskin. Viss du er usikker på om strikkemaskina di er egna, eller viss du treng å få sett over maskina før kurset startar, ta kontakt på kontakt@trollkar.no eller telefon 464 23 680. Kurset eignar seg for dei fleste strikkemaskiner, men ikkje for Singer, Passap eller Knittax.

Me lærer å ta mål til og rekna ut oppskrift på genser og kofte i modifisert primærsnitt, og strikkar til oss sjølv (eller du kan ha med kroppsmål av ein du vil strikka til, ta i så fall kontakt for råd om korleis du skal måla). Me brukar teknikkane fra kurs 1 og 2 og lærer i tillegg å montera genseren pent. Me lærer også å strikka dobbel knappestolpe med knapphòl. Alle strikkar den same modellen, men du vel sjølv om du vil strikka genser eller kofte/jakke.

Dei som ikkje treng hjelp til det, kan strikka med mønster (hòlkort/elektronikk), men det blir ikkje undervisning i mønsterstrikk.

På dette kurset jobbar me med tjukt eller middels tjukt garn på spenning 7-10. Anbefalt garn er Trollkar Koftegarn, Trollkar Slitesterk eller dobbel tråd av Trollkar Merino lamullgarn. Til mellomstrikkar er det anbefalt å bruka Trollkar Sommarull. Garn kan kjøpast i løpet av kurset. Dersom du har med eige garn, er det viktig at du er sikker på at dette er eigna. Ta kontakt med Trollkar før kurset dersom du er i tvil. NB! Kurshaldaren kan setta grenser for kva for garn som er mogleg å bruka under kurset.

Kursprisen inkluderer undervisninga, kursperm som inneheld alle oppskrifter og teknikkar me lærer på kurset. Materialar kjem i tillegg. Du kan kjøpa garn, knappar, maskinstrikkeutstyr, bøker og andre relaterte varer frå Trollkar i løpet av kurset.

NB! For at plagget skal passa og oppskrifta skal bli riktig, må du strikka prøvelapp av det garnet du skal bruka til kofta. Dette bør vera gjort før du kjem til kurset. Viss du skal strikka mønster, må du strikka prøvelappen i det mønsteret du skal ha på kofta.

By
Stavanger
Sted
Spødet, Søregt. 24, Sølvberge
Sluttdato
17. september 2017

Kommentarer

Bli den første til å kommentere dette innlegget!