Hva skjer i Stavanger: Annet

Maskinstrikking trinn 2 - 4. - 5. november

For dei som har gått trinn 1 eller kan det mest grunnleggjande frå før.

Til dette kurset må alle deltakarar ha med si eiga strikkemaskin. Viss du er usikker på om strikkemaskina di er egna, eller viss du treng å få sett over maskina før kurset startar, ta kontakt på kontakt@trollkar.no eller telefon 464 23 680. Du som melder deg på kurs får også gode rabattar på nye strikkemaskiner. Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod!

Me lærer:

– å leggja opp med tungenål

– å strikka falsk vrangbord og manuell (ekte) vrangbord utan patentapparat

– å forma plagg med nåler i kvil

– å strikka sokkar utan patentapparat

– å strikka enkel og dobbel lue

– å strikka stort trekantsjal med frynsekant

Viss du blir fort ferdig med alle oppgåvene, kan du også læra å strikka einsidig halvpatent med nåler i kvil (utan hòlkort/elektronikk).


Me jobbar ikkje med:

– mønsterstrikking

– patent- eller vrangbordapparat

By
Stavanger
Sted
Spødet, Søregt. 24, Sølvberge
Sluttdato
5. november 2017

Kommentarer

Bli den første til å kommentere dette innlegget!