Hva skjer i Stavanger: Annet

Maskinstrikking trinn 1 - 14.-15. oktober

Læreren beskriver kurset sitt slik:

«For deg som er nybyrjar eller har «gløymt alt» eller blitt redd for å gjera noko galt med maskina.

Best er det om du har med eiga strikkemaskin, men du kan også leiga maskin frå Trollkar. Dersom du vil leiga maskin, må du ringa Trollkar på 464 23 680 før du melder deg på kurset så du er sikker på at det er ledig leigemaskin til deg. Leige av strikkemaskin kostar kr. 600,- per maskin per kurs i tillegg til prisen på kurset. Dette kurset passar for dei aller fleste strikkemaskiner.

Me lærer:
– å pakke ut og montera maskina
– å rensa og smøra maskina
– å legga opp med hurtigopplegg og fast opplegg
– å laga oppbretta kant og picotkant
– å strikka prøvelapp og rekna ut masketettleik
– å auka og fella masker
– å fella av med elastisk og fast kant
– å strikka ein enkel poncho

Me jobbar ikkje med:
– nåler i kvil
– mønsterstrikking
– patent- eller vrangbordapparat
Materialar og utstyr kan kjøpast i løpet av kurset og kjem i tillegg til kursprisen. Du kan ha med ditt eige garn til kurset, men læraren kan setja grenser for kva for garn du får bruka til dei ulike teknikkane.»

By
Stavanger
Sted
Spødet, Sørgt. 24, Sølvberget
Sluttdato
15. oktober 2017

Kommentarer

Bli den første til å kommentere dette innlegget!