Hva skjer i Oslo: Konserter / Festivaler

ODD NORDSTOGA i Trioformat

I trioformat, med trommer, bass og seg sjølv, skal koronaen trossast og konsertar leverast. På repertoaret er ein bunke nye songar, sjølvsagt iblanda nokre gode gamle. Me er alle fatige ferdafolk på livsens landeveg, men på ferda høyrer musikken til. I to år har Nordstoga tenkt og grubla, pønska og spikka på det som no er ute som hans siste album «Fatig ferdamann».
Med seg har Odd to av dei aller største på Noregs musikarhimmel. På trommer Torstein Lofthus og på bass Tor Egil Kreken. Begge fantastiske musikarar med lang fartstid i bandet til Nordstoga, men også kjent frå eit uttal andre konstellasjonar. Snart kjem tre svoltne ferdamenn til din konsertstad. Då er det ingen grunn til å sitja heime. Velkomen til konsert!

Konserten med Odd Nordstoga på Rockefeller 12.11.20 ble avlyst. Kjøpte billetter til den avlyste konserten kan benyttes på dette arrangementet.

Bill. kr. 500,- + bill.avg. 18 år leg. Unummererte sitteplasser. Dørene åpnes kl. 21.00.

By
Oslo
Sted
Rockefeller
Sluttdato
4. februar 2021

Kommentarer

Bli den første til å kommentere dette innlegget!