Hva skjer i Kristiansand: Museum/Utstillinger

DET ER HELT FINT av Jonas Ib. H. Jensen

DET ER HELT FINT en utstiling av Jonas Ib. H. Jensen.

SÅ LENGE DET IKKJE DRYP
Tekst: Rune Belsvik.

Eg var alltid redd det skulle begynna å drypa frå taket. Eg hadde ikkje greie på lekkasjar. Eg visste ikkje korleis eg skulle fiksa det, og kanskje hadde vi ikkje pengar nok til å leiga inn fagfolk. Skal ein få gjort det billig, må ein kjenna dei rette folka. Eg trudde ikkje eg kjente dei rette folka for ein lekkasje. Eg såg opp mot taket rett som det var. I stova prøvde vi så godt vi kunne å vera ein familie. Først kona mi og eg. Sidan også med barn. Vi pynta oss på julaftan. Eg likar ikkje å pynta meg, men eg dusja og tok på ei rein skjorte. Taket var tett. Vi opna pakkane, som alle saman hadde kosta det dei hadde kosta, og vi hadde betalt dei. Vi var forsikra mot brann og hussopp. Kona og eg hadde livsforsikring, og barna var forsikra mot ulykke. Av og til ommøblerte vi i stova, og vi prøvde å seia meir ja enn nei. Det hendte nokon ikkje fekk sova, eller vakna alt for tidleg. Kona mi blei sint fordi eg ikkje fekk til å trøysta henne. Eg øvde meg på trøysting, og vi betalte alle forsikringane på hus og bil og liv og kropp innan fristen. Ein kveld etter jula 2016 såg son min og eg ei rotte komma fram frå grunnmuren. Son min var blitt ein vaksen mann. Det overraska meg at eg syntest rotta var fin, og ikkje ekkel. Sjå den fine rotta, sa eg til son min. Han satt med ryggen mot glaset. Han snudde seg og såg ut i vinterkvelden. Rotta snuste rundt i snøen under fuglebrettet. Ho gjekk inn i snøen og etterlet seg små tunnelar. Der du ser ei rotte, er det som regel fleire, sa son min. Ja, ho har vel familien sin under huset vårt, sa eg. Var ho ikkje fin? Jo, ho var litt fin, sa son min.

------------------------------------------------------------------------------------------

Utstillingsperioden er arteriet åpent fra torsdag til søndag fra 12:00 til 16:00.

Produsert med støtte fra: Billedkunstnernes Vederlagsfond, Norsk Kulturfond og Kristiansand Kommune.

Arteriet Galleri.

By
Kristiansand
Sted
Arteriet, Lumberveien 51k, 4621
Sluttdato
21. mai 2017

Kommentarer

Bli den første til å kommentere dette innlegget!